Sunday, October 11, 2009

Saturday, October 3, 2009

Lesetips på ein laurdag:

Livsfarleg! Høgspenning! God Tur!

Les strålande, om enn ikkje livsfarleg reportasje om Bergensbana, språk, og masseturisme (les: Rallarsykling) i Syn og Segn #3.

Thursday, September 24, 2009

Tid blir ikke borte, av Kirsti M. Thorheim



La deg ikkje lure av den sukkergrøne kokebok-ramma rundt tittelboksen på denne boka. Det er verken ei sjølvhjelpsbok eller ei ufarleg coffeetable-bok. Boka er meir ramsalt og rå enn eg tenkte den skulle vere.


Kirsti Mathilde Thorheim er fødd i 1955, og debuterte i 1995 med Hamsun i Æventyrland. Nordlandsliv og diktning. Tid blir ikke borte (TBIB) er den femte sakprosaboka hennar, og handlar om tid. Thorheim er filosof, forfattar og journalist, og vidareutdannar seg som filosofisk samtalepraktikar som, i følge TBIB, er noen som får folk til å fortelle en historie som bærer i seg store eksistensielle temaer, fordi andre historier enn du hitil har vært bevisst, dukker opp. (s. 192). Historier og tid er uløyseleg knytte. Meir om det snart!

Først litt grunnleggande om boka. Teksten er ryddig organisert i ti enkelttekstar. Kvar tekst har sin eigen framside med nummer, tittel på kapitlet, og ein eller-tittel. Det er óg eit sitat frå ein filosof, forfattar, komponist eller andre tenkarar, som vi får vite namn, yrke og fødeår på. Det er med andre ord mange lesarinstruksjonar. Teksten som følger er fagleg metta, informert, og relativt tung. Den vitnar om ein forfattar som har lese mye, som kan stoffet sitt godt, og gjerne delar, splittar opp, analyserar, og stiller spørsmålsteikn ved. Ho spør, og gir seg sjølv noen svar. Ho spør, og gir ingen svar. No og då blandar ho anekdotar og personlege erfaringer inn i teorien. Ingen av anekdotane får dominere, og lage rammer for kapitla. Tona er personleg, og frå førstepersonsfortellar. Noen gonger skriv ho i andreperson, som betyr at ho vendar seg rett til lesaren:

(...) en historie du bare vagt har formulert i din erindring, kan bli tydeliggjort ved at du blir ledet og oppfordret til å fortelle den. (193)

Kvart kapittel er avslutta – nettopp - ei fortelling, eller eit bilde. Dei poetiske nedslaga er skilt ut, og sett i kursiv.

Litterære grep. Thorheim seier sjølv at Ona som ramme for boka. Mye av teksten er skrive i det tre hundre år gamle huset hennar der ute. Men boka begynner med ikkje-scenisk tankereferat. Ona blir nemnt på side tolv, men ikkje som meir enn eit namn. På side 21 kjem det første, kursiverte poetiske nedslaget frå Ona: Hvorfor velger katten å gå en sti som kanskje krøker seg i svinger, tungvinte omveier, når den i stedet kunne gått rett fram - med letthet.

På side 21 vaknar denne lesaren virkeleg til, og skjerpar seg. Fortellinga har alltid vore brukt som eit slikt litterært grep. Thorheim viser sjølv til at NRK Dagsrevyen, t.d. har mange, små historier. Tilhengarar meiner at fortelllinga er ein effektiv måte å formidle viktig informasjon. Motstandarar stiller spørsmålsteikn ved dei presseetiske sidene ved dette. Noen journalistar kan falle for fristinga av å dramatisere litt ekstra for spenninga sin skuld. Dessutan har fortellinga ein potensielt løgnaktig autoritet. Vi er vante til å lese fortellinger som sanne fordi dei er heile, og samanhengande.

Thorheim framsett ikkje teorien sin i form av overtydande, autoritære fortellinger. Kvifor? På side187 siterar Thorheim Jerome Bruner: (...) hver fortelling er fortolkende. Det å la den eine anekdota stå som ramme for eit heilt kapittel kan med andre ord lade for mye meining i teksten, og legge for mange føringer på lesinga. Eller er det ikkje sånn?

Litt lenger ned på same side skriv Thorheim: Charles Taylor (...) bruker narrativitetsbegrepet for å klargjøre hvordan en helhetlig forståelse av det betydningsfulle i livet framtrer. Narrativ kan vise veg som strålen frå Ona Fyr. Men det kan også halde mange nyansar utanfor, og i mørkret. Ikkje minst er historia menneskeleg, skriv Thorheim. Med å skille sin argumenterende tekst frå sine historier, held ho også sin eigen person meir, og lar saken få komme fram.

Dette skriv Thorheim om vitskapsspråket på side 188: Argumenter overbeviser om den sannhet de inneholder, - historier om sin likhet med livet.

Thorheim og gjer i praksis det som ho teoriserar omkring. Bravo! Bravo atter for grepet om å Ona som ramme for dette tema som har vore belyst og diskutert frå så uendeleg mange mindre konkrete og scenisk tydelege posisjonar.

Thorheim ser Heidegger, Wittgenstein og andre tenkarar sine skrifter i lyset frå fyret, frå det opne havet, og ikkje minst det bleike, friske dagslyset som kjem inn vindauga i det tre hundre år gamle huset hennar på øya. Ho gjer det som ho er gått ut for å gjere. Men eg sitt likevel att med ein uforløyst kjensle. Denne lesaren hadde ønskt seg meir Ona, og ein meir gjennomført bruk av Ona som referansegrunnlag. For denne lesaren kan det gjerne vere like smalt og eksluderande som fyrlyset.

TID BLIR IKKE BORTE
260 sider
CappelenDamm

Friday, September 18, 2009

Slepp forfattarane fri!

Christian Lysvåg har skrive kronikken "Åndenes hus er tomt" i Morgenbladet. I kronikken skriv han at litteratur "kommer til" forfattaren. Eg synes ikkje at vi kan la eit slikt romantiserande og reifiserande framlegg få siste ordet. Litteratur kjem aldri av seg sjølv. Den blir til ved at forfattarar skriv den. Det er arbeid. Difor finnst "arbeidsstipend for kunstnarar". Rundt seksti skjønnlitterære forfattarar fekk slike i år. Fleire forfattarar skulle hatt arbeidsstipend. Vi kan derimot få ferre av dei viss Lysvåg får halde fram med å spre ei New Age og overromantiserande haldning om at bøker blir til av seg sjølv.


Lysevåg definerar omgrepa sine dårleg. Han byttar på å skrive om litteratur, og forfattarar: "en matrise har senket seg over litteraturen. Også rent fysisk: De som før var hjemløse, har nå fått et hus." Historiesynet er forvirra. Tilhøvet anonym og offentleg også. Han tilegner Litteraturhuset, som er ein uavhengig instans, haldinger. Han mystifiserar og romantiserar til den store gullmedaljong.

Dette er noen svakleiker ved kronikken. Det er greit, det. Eg er ikkje ein betre kronikkforfattar sjølv. Grunnen til at eg likevel peiker på disse tinga, er at dei er med på mystifisere og forvirre. Mange forfattarar vil ikkje kunne leve med at han gir feil informasjon om korleis forfattarar arbeider. FrP vil ta vekk både arbeidsstipend og garantiinntekter. Viss folk flest får inntrykket av at litteraturen er noe som bare kjem til forfattaren, er eg redd for at FrP kan få noen ekstra stemmer.

Tryggleiken.
I følge likningsvesenet, er ein forfattar noen som tjener penger på å gi ut bøker. Innanfor miljøet er éin av oppfattingene at ein ikkje får kalle seg forfattar før ein har gitt ut to bøker og er medlem av Forfatterforeningen.

Her er Lysvåg sin definisjon av profesjonsforfatteren: (profesjonsforfattarskapen) er det tryggeste, mest virkelighetstro av alle levesett (med sine) rammer, sin fabrikk og sine produkter. Eg skjønner ikkje kva du meiner med alt dette. Men dette veit eg: I følge Dagsavisen frå april 2008, er kunstnarar på topp i statistikkar over folk med psykiske problem som følge av sosioøkonomisk og arbeidsmessig uttryggleik. I følge tidsskriftet Replikk (2007), var gjennomsnittslønna til norske kunstnarar ca 37000 kroner i året. Kunsthandtverkarar var på botn, skodespelarar på topp, og forfattarar midt på treet.

Det blir absurd å snakke om timeløn for kunstnarar generelt, og forfattarar også. Vi snakkar ikkje bare om tida det tar å skrive noe, men tida det tar å researche, lese faglitteratur, annan skjønnlitteratur, og sette seg inn i alle sider av det faglege, stilistiske, kunsthistoriske ved arbeidet. Ei av dei viktigaste og vakreste bøkene som kom ut i fjor, heiter Siss og Unn, og er skrive av Inger Bråtveit. Bråtveit bruker seks år og eit hovudfag om Tarjei Vesaas for å skrive boka. Etter disse seks åra, får Bråtveit endeleg lønnslippen i posten frå forlaget sitt. 50-60000 kroner tjener ho på boka. Ho kjem nok til å tjene ein liten tusenlapp i året i tida som kjem også. Sidan det er ein av dei vakraste bøkene som er laga, det er. Ho får også Bjørnsonstipendet på 30000 kroner. Det skulle bare mangle. Men frå forlaget får ho altså bare dette vesle forskotet på salet på boka. Det er mens forlagsdirektøren i CappelenDamm tjener 4 millionar, og direktøren i Gyldendal 3 millionar.

Løna blir ytterlegare lita fordi forfattarar ikkje har pensjonsordning, forsikring, eller andre fordeler som andre, fast ansette kan ha. Forlaga er komplett frigjort frå arbeidsgivaransvar. Som kunstnarar flest, lagar forfattaren sin eigen arbeidsplass, sine eigne arbeidsoppgåver, og er heile tida iniativtakar og den som tar risiko mht tap av inntekt, produksjonsmaterial og - maskiner, osv. På den måten kan vel forfattaren bli kalla ein fabrikk. Det er i tilfelle utelukkande til samfunnet sitt beste. Staten har nesten bare tre utgifter på denne delen av den produktive befolkninga si: Arbeidsstipenda, andre subsidier, og utgiftene til sjukehusplassar for dei som altså blir sjuke av manglande tryggleik.

Den heimlause forfattaren.
Er de dog forfattere? De som var hjemløse, stadig på flukt. Nå er de profesjonsarbeidere: det tryggeste, mest virkelighetstro av alle levesett. De har sine rammer, sin fabrikk og sine produkter. Og som andre arbeidere får de bestemt sin identitet, samfunnsverdi, ja sågar fremtoning, av dette arbeidet og dets rammer.

Dette er Lysvåg sin utforskning av spørsmålet om kva forfattarar er. Han idealiserer sulteforfattaren som vandra kvilelaust omkring Christiania sine gater. Det skal tanke til for å skrive. Den som er svalten tenker dårleg. Det beviste det amerikanske forsvaret i 1945. Fleire dusin menn meldte seg frivillige til det såkalla "hunger experiment". Dei mista 24% kroppsvekt på seks månadar. Dei utvikla "an obsession for" å lese kokebøker og menyer frå lokale restauranter. Vaksne menn begynte å leike med maten. Dei mista interesse for kvinner. I intervju etterpå har dei sagt at dei ikkje klarte å tenke på anna enn mat. Ein kan lese dei fulle og heile resultata i den to binds rapporten The Biology of Human Starvation.

Dei kognitie prosessane er ein ting. Tida til å fokusere på litteratur ein anna. Kor mye kan ein brenne for litteraturen viss ein bur under ei bru på Grønland? Kan ein då formidle presist og kommuniserande om livet til folk flest? Då var det vel bare å gi datamaskiner til alle uteliggarane i byen, så var litteraturen sin framtid sikra. Eller kva?

Institusjonaliseringa.
Kronikken har litteraturhuset som ramme. Det virkar som om Lysvåg ønsker å skrive om institusjonalisering av litteratur. Vi treng ein tekst om institusjonalisering av litteratur. Eg skal til å skrive ein informert tekst om institusjonalisering av litteratur. Men tekst kan ikkje vere informert. Litteratur kan heller ikkje vere informert. Eller undervist, eller noe som kan ønske seg ting. Ein kronikkforfattar, derimot, kan vere både undervist, og dermed informert. Det kan komme til uttrykk gjennom ein tekst som har informasjon. Lysvåg sin tekst har besjeling og metaforar: "Fikk litteraturen selv bestemme, skulle forfatterne skrive under pseudonym".

Ein del av besjelinga, er påstanden om at litteraturen ikkje blir til. At den finnst. Lysvåg skildrar forfattaren som ein klårsynt som opnar hjartet sitt, og tar i mot teksten frå ytre rom. Slepp forfattaren fri frå slike New Age antydningar.

"Litteratur" er frå det latinske littera, som betyr bokstav. Lysvåg legg eit anna premiss til grunn for kva litteratur er. Det er at litteraturens form i dag er institusjonalisert, demokratisert, subsidiert, undervist, profesjonalisert, synliggjort, relevant.

Eg har sedd litteratur i ulike former. Kortprosateksten, til dømes, er kort og relativt kompakt. Langdiktet, til dømes, er langt, og i blant utstrekt. Men kan ikkje hugse å ha sedd litteratur som har relevant form. Undervist litteratur virkar også framand for meg. Kan litteratur bli undervist? Eg trudde at ein underviste folk. Dette er upresist. Viss språk og litteratur er eit fag, er dette uprofesjonelt.

Bjørneboe.
Lysvåg gjentek "heimlause"-bildet i kronikken. Er det ein referanse til Bjørneboediktet "Mitt Hjerte"? La oss uansett snakke om Bjørneboe. Han hadde ein destruktiv livsstil. Lysvåg virkar å hylle mange av dei trekka som prega livet til Bjørneboe. "Hjemløse, stadig på flukt", altså. Lysvåg ber om å få litteraturen frigjort. Frigjer forfattaren! meiner eg. Det er lite som tydar på at Bjørneboe ville ha skrive dårlegare om han var mindre jaga, drakk mindre, og hadde betre levekår. Uansett så er dette ein menneskerett: Enhver har rett til en levestandard som er tilstrekkelig for hans og hans families helse og velvære, og som omfatter mat, klær, bolig og helseomsorg og nødvendige sosiale ytelser, og rett til trygghet i tilfelle av arbeidsløshet, sykdom, arbeidsuførhet, enkestand, alderdom eller annen mangel på eksistensmuligheter som skyldes forhold han ikke er herre over. (Artikkel 25, pkt 1).

Isabell Allende har skrive ei bok som heiter "Åndenes Hus". Der besjelar ho mange objekt av både organisk og uorganisk material. Trass i overdriven bruk av eit slitsamt, litterært grep, er det på ingen måtar ei tom bok. Og eg trur heller ikkje at boka "Åndenes Hus" av Allende er tema for kronikken. Eg kunne ha trudd det om eg ikkje las kronikken.

Institusjonalisering.

Eg har vore undervist som forfattar, og er altså av dei som får arbeidsstipend som forfattar. Er eg ein institusjonalisert forfattar?

"Institusjon" kjem det latinske institutio som betyr å «innrette», og institutum som betyr «innretning» eller «sedvane». Litteratur skrive av underviste forfattarar, har vist seg å vere mindre innretta eller sedvanlege fordi disse har fått lese klassikarar, og samtidslitteratur. Dei finn ikkje opp krutet på nytt. Litteratur som skal bli synleg i ålmenta, får gjerne eit par ekstra rundar frå forfattar og redaktør. Det er ofte dei same tinga som blir sjekka då: at den ikkje seier det sjølvsagte, ikkje finn opp krutet om att, ikkje forpaktar klisjeane.

Lysvåg skriv at litteraturen ønsker seg anonyme forfattarar. Men la oss kalle ein spade for ein spade, og seie at det er Lysvåg som ønsker det? Lysvåg meiner at noen skriv bøker for å vere synlege. Dei fleste forfattarar eg kjenner, kjenner eg nesten ikkje. Dei er så lite ute. Dei er så lite synlege. Mange av dei jobbar mye. Heile dagar. Heile månadar, noen gonger. Etter tre, fire, fem år får dei ut ei bok. Dei får i gjennomsnitt to intervju, og eit opplesningsoppdrag. Dei er ikkje i dette for å vere synlege. Då blei dei heller journalistar, og var i avisspaltene titt og ofte.

Litteraturhuset.
Noen av dei mest populære tekstane blir altså formidla gjennom Litteraturhuset. På dette tidspunktet blir ikkje teksten endra. Litteratur blir aldri produsert på Litteraturhuset. Litteraturhuset kan aldri fange den, lukke den, endre den. Litterarhuset er ein av fleire arena for formidling av litteratur. Litteraturhuset er så langt som eg har skjønt, ein uavhengig instans. Den har ingen agenda. Lysvåg tillegg huset ei haldning i kronikken sin.

Det var eit fiffig og fikst grep av Lysvåg å bruke litteraturhuset som materialisering av litteraturen av i dag. Om litteratur har sjel, så skal påstander stå. Haldninger skal ha hald, og fråsegn ikkje vere fråverande, men vere opne, tydelege standpunkt.

Lysvåg skriv heile tida om forholdet mellom det mentale, og det fysiske. Lysvåg skriv om ånda, teksten, og om huset. Men ofte så kunne Lysvåg like gjerne ha skrive om ånda, sinnet, og om kroppen. Å kalle kroppen for huset til sjela er ein så velbruken metafor at den nesten er blitt ein sjølvsagt, ein klisjé. Sjela har det ikkje godt i ein mishandla kropp, og andre vegen rundt. Også forfattarar må få lov til å vere heile menneske med både kropp og sjel. Dei kan ikkje vere ande utan kropp. På liknande vis ser eg ingen motsetnad mellom eit fysisk litteraturhus, og god litteraturformidling. Alt anna virkar for meg som eit paradoks.

Aprops. Eg var på litteraturhuset sist torsdag. Det var eit fabelaktig arrangement. Pedro Carmona-Alvarez i samtale med Kjartan Fløgstad. Det var eit veldig godt arrangement, med god dramaturgi innanfor opplegget, og sterk formidling av tekst med hjelp av både video, lyd og lys. Under intervjuet sa Carmona-Alvarez at Allende er blitt ei kråke. Det var etter at ho skreiv Åndenes Hus. Den er god, trass i ein kvelande bruk av grepet besjeling. Vi får ikkje mystifisere ytterlegare, og gi FrP ein sjans til å kalle forfattarar ved New Age namn.

Monday, September 14, 2009

Doctorow #7

Question from audience: Will libraries disappear?
Answer: Library is gouvernment founded, with library conpensation for autors. Which is covering the loss authors have from the lending. Gouvernment funding for file sharing may work.
Answer 2: We can't replace librarians. They have irreplaceable competence.
Q: We will se more editing and marketing?
A: We wont see more. That's what publishers always have been doing!

Natural selection/ den sterkeste rett

The selected ones are the selectors. Not the creators.

(Comment from the audience during lecture by Cory Doctorow)

Doctorow #6

Way of dealing with privacy, #4: Make the commercial products better than the shared, digital ones.
Way of dealing with privacy, #5: Make the commercial products easily available.